Firdaposten

Bortvist frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn

Informações:

Synopsis

I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver. Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode. Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her!