Firdaposten

Viral sparkesykkel observert i Eikefjorden

Informações:

Synopsis

I denne flunkande nye podcasten om FK Tempo, tar to av klubbens største ringreva, i moderne historie vel å merke, på seg oppdraget med å snu supply and demand-prinsippet fullstendig på hovudet, og tvinge fram eit behov blant Firdapostens lesarar til å halde seg oppdatert på kva som skjer i ein ganske middelmåtig 6. divisjonsklubben kvar veke. Første episode startar med at vi, i all vår audmjuke, kastar lys på våre eigne innslag i lokalavisa, på godt og vondt. Kvifor dukka ein noksagt som Kristian Vårdal plutseleg opp i Twitter-feeden til blant anna Bernt Hulsker, Bård Tufte Johansen og Ole Rolfsrud? For ikkje å snakke om den gangen Benjamin Eggen, med ein kastearm byen ikkje har sett makan til sidan Magne Føleide sine velferdsdagar på 60-talet, klarte å skape store overskrifter med nøkkelorda «sparkesykkel» og «russebuss». Utover i episoden, snakkar vi om våre kjære naboar og 6. divisjonskollegaer, Eikefjord IL. Her blir det eit par nye turar ned memory lane, også denne gong på godt og vondt. Blant anna om