Forbudte Stemmer - Kampen For Ytringsfriheten

Informações:

Synopsis

Gjennom fem episoder møter Aftenbladet forfattaren, tegneren, bloggeren, rapperen og journalisten som matte flykte hjemmefra til en friby. Så besøker vi landene de matte forlate.

Episodes

  • Forbudte stemmer - Episode 5: Kakerlakkens ord

    22/06/2017 Duration: 43min

    Mana Neyastani skjønte at han levde farlig som satireteiknar i Iran. Derfor slutta han – og begynte med uskuldige teikningar for barn i staden. Det skulle han aldri ha gjort...

  • Forbudte stemmer - Episode 4: Mysteriet i Colombo

    16/06/2017 Duration: 33min

    På Sri Lanka blir ein grav opna og eit skjelett kledd i dress henta opp. I New York sit ei enke og lurer på om ho endeleg skal få svar. Kven var det som tok livet av mannen hennar, den kjende redaktøren? Og som tvang henne sjølv til å flykta frå heimlandet.

  • Forbudte stemmer - Episode 3: Frå bomber til beats

    09/06/2017 Duration: 34min

    Då Khaled Harara såg at bilen han satt i var på veg mot politistasjonen, blei han superhappy. Han hadde frykta noko mykje verre. At dei skulle ta han til ein aude plass i utkanten av byen, kle han naken, skyta han og etterlata han i ei grøft. At Hamas ville statuera eit eksempel. Visa kva som skjer med folk som driv med djevelens musikk, med rapp, i Gaza.

  • Forbudte stemmer - Episode 2: I skuggen av døden

    01/06/2017 Duration: 33min

    Tenk deg at namnet ditt hamnar på ei dødsliste. Andre som står på lista, folk du kjenner, blir drepne på gata med machete. Går du heim og fortel kona di at du står på denne lista? Eller hold du kjeft?

  • Forbudte stemmer - Episode 1: Øyhopparen frå Havanna

    26/05/2017 Duration: 35min

    Ein dag i 1999 blei den unge cubaneren Orlando Luis Pardo Lazo kalla inn på sjefens kontor. Han fekk sparken, og måtte seinare flykta frå Cuba. Men kva hadde eit legendarisk sjakkparti på Island i 1972 med dette å gjera?

  • Forbudte stemmer - Teaser: Ord kan være farlige

    24/05/2017 Duration: 01min

    Gjennom fem episoder møter Aftenbladet forfattaren, tegneren, bloggeren, rapperen og journalisten som måtte flykte hjemmefra. Så besøker vi landene de måtte forlate. Starter 27. mai.